tirsdag 9. august 2011

Ørsmå problem

Eg er komen heim frå jobb. Vondt i magen. Det er gjerne min feil. Der er vel ikkje andre å skulde, så hei, det blir meg. Kva har eg ete no? Ikkje så fornuftig, nei. Når eg både vil slanke meg og vere bra i magen, burde eg tenkje betre over kva eg et, - FØR eg evt. et det. Det får bli eit mål.. for morgondagen.

Det er berre å ta ein dag om gangen. Ein dag om dagen. Dagar kjem kvar for seg. Måndag, tysdag, onsdag. Ikkje alle på ein gong. KVAR FOR SEG.

Difor! I morgon: fornuftig mat med fornuftige mellomrom i fornuftige porsjonar.

Ei gammal dame sa til meg ein gong: magen må òg få kvile.
Det er sant; ein kan ikkje ete støtt.

Er det ikkje rart at eg skriv om dette? Har eg verkeleg ikkje større problem; nokre kilo for mykje, ein temperamentsfull mage.
Nei, det er vel blant mine største problem. Faktisk. Når eg ser på syster mi, er det heile fullstendig urettferdig.
Eg burde vore sjuk for ho. Det hadde eg hatt godt av.

I morgon tidleg skal eg på jobb. Så skal eg heim til søs.
.. men om nokre dagar reiser eg til byn igjen. Det blir litt tøft.. for meg, og kanskje for systra mi òg.

Hade så lenge.

- Y

Det humper og går



Akkurat no les eg Bisettelsen av Lars Saabye Christensen. Han skriv så fint, og merkeleg sant. Ein må stadig legge frå seg boka og tenke, til ein plutseleg ser noko i eitt nytt lys. Og er det noko som er nødvendig her i verda, der motane går i runddans, og aldri noko er nytt, sånn eigentleg, så er det å sjå på ting litt annleis. Finne noko finurleg og spennande, i den elles gamle søla vi kjempar oss gjennom kvar dag. Då er det godt å få slike impulsar frå ein sånn framifrå forfattar som (eg tykkjer) Saabye Christensen er.
Sitat frå boka:
"... og det var da jeg tenkte, mens jeg grein mer enn jeg lo, for jeg har litt trøbbel med å le, skjønner du, gråte gjør ikke like vondt, at verden er full av sånne misforståelser, det meste er misforståelser, tenk deg det, hvor mange misforståelser som skjer hver eneste dag, bare tenk deg det, og likevel går det rundt, og det er nesten det som forundrer meg mest, at tross alt går det rundt, ikke sant, det humper og går, men det går, og det må vel bety at vi, menneskene, oss, ikke er så verst likevel, vi ordner liksom opp og får det til,  når alt kommer til alt?"
- X

Slutt på nummerering

Bloggen har starta. Det er ingen tvil, og dette er heller ikkje tvilsamt: eg har dårleg tid. Både no og svært ofte elles. Eg må strukturere meg og bli eit betre menneske. Fyrst skal eg berre på jobb!

Dette er det eg ynskjer kalle eit hasteinnlegg. Eg skriv det like raskt som kattungen på gulvet jaktar tre runder rundt seg sjølv etter halen sin. (Det var ei lang og frykteleg setning).

I dag har eg ikkje gjort ein ting. Forutan rydde litt, rote meir og lage mat som systra mi nektar ete. Kanskje katten kan få den. Jau, vi har fått oss katt. Den er gal.

Av og til lurer eg på om eg òg er gal. Det er så absolutt mogeleg, men eg vel å late som ingenting, og berre prøve vere normal. Forresten, eit tips frå meg: ikkje bruk for lang tid framfor spegelen, på å stirre på deg sjølv og tru du skal lære deg sjølv å kjenne. ..
Det er eit godt tips. Eg deler mi erfaring. Husk det!

Søstra mi, eg vil nemne ho.. Vel, ho er det mest fantastiske mennesket eg kjenner, ho eg elskar mest på denne jord. Så har ho det så grueleg vanskeleg at eg på ingen måte vil reise tilbake til byen, vekk frå ho.
Meir ynskjer eg ikkje skrive.. Ohoi! Eg må springe!
Klem

- Y

No. 2

(Mistemann kjem sist igjen, men det er heilt okei)


Endå ein tung dag. Endå ein dag utan krefter eller lyst – eller er det omvendt? Er eg dårleg fordi eg ikkje gidd noko anna? Ikkje veit eg. Noko dritt er det uansett. Å vakne om morgonen, vil ikkje stå opp, vil ikkje dusje eller ete, og i alle fall ikkje gå ut. Ut der resten av verda held til. Der alle andre får verda til å gå rundt, utan at eg har noko som helst betyding. Lille, slappe meg. Eit musetiss i eit digert hav. Dei andre jobbar, joggar, dusjar, søv. Dei blir forelska, følgjer etter draumane sine, gret innimellom – dei LEVER. Men i raudesofaen sit eg, og eg deltar ikkje. Oppnår ikkje noko. Gjer ikkje verda betre eller meir god. Og det er det eg drøymer om – å få vere frisk så eg kan hjelpe til. I mellomtida sit eg her og ventar. Eg skal ikkje klage, sofaen er veldig behageleg.

- X

mandag 8. august 2011

Det fyrste innlegget

Den eldste skriv fyrst. Ein uskriven regel. Frå no av.
Så er dette berre det fyrste innlegget. Eit av så mange.
Etterkvart vil den som les bli kjent med oss.
Eg har raud, fæl joggebukse på, og ser TV med søs... no medan eg endå er heime.
klem

-Y